hits

Oppdatert blogg om K-Soft og LettFaktura

Oppdatert liste over norske fakturaprogram med funksjonalitetsoversikt

Brukertest av Nettgiro fakturaprogram

Brukertest av FFaktura.no

Brukertest av Visma aAccounting Faktura

Fakturaavstemning 2018

Her er en liten undersøkelse, hvilke fakturaprogram bruker du i dag?

Hvilke fakturaprogram bruker du?
Har ikke bestemt meg enda
Conta Faktura
Cretica Faktura
Visma eAccouting Faktura
SendRegning.no
BeeBills
TimeRabbit
Dokus Faktura
Fakturo
Fakturer.no
Debet.no
FakturaNett
FakturaX
Other
Please Specify:
Created with QuizMaker

Ingen hjelp å få hos SendRegning.no?

Eg har vært i kontakt med ein brukar av tjenesten SendRegning.no. Han var lettare frustrert over fakturaløysningen og kundeservicen.  Han hadde brukt tjenesten i nokre år, og han sende ut ca 5-10 fakturaer i året.

Det hadde nå oppstått ein utfordring/problemstilling som han tok kontakt med SendRegning.no for å få svar på. Han stilte spørsmålet på facebook sida til fakturatjenesten.

Nå, nesten to månader etter spørsmålet vart stilt har han framleis ikkje fått noko svar.

Dersom ein besøker facebook sida til SendRegning.no ser det ut som om det er fleire som heller ikkje har fått svar på sine spørsmål. Det kan virke som om einaste måte å få svar på er å kontakte tjenesten på telefon til 14,- minuttet.

Dette er for dårleg av SendRegning.no og vi anbefaler derfor ingen av våre lesere til å bruke denne tjenesten.

P.S : Det høyrer med til historia at brukaren som tok kontakt med meg, og som ikkje fekk hjelp av SendRegning.no skifta fakturaløysning, og brukar nå eit system der han er fornøgd med både systemet og kundeservicen.

Har du hatt problem med SendRegning?, kommenter gjerne!

Brukertest av BeeBills

Fakturaprogrammer og funksjonalitet 2018

Enda mer om K-Soft

Etter det forrige blogginnlegget om K-Soft, firmaet bak fakturaprogrammet Fakt2000 har fleire brukarar av programvaren tatt kontakt med meg. Dei har alle til felles at dei har ein eller fleire uheldige opplevingar med dette firmaet.

Dersom du har positive eller negative opplevingar med K-Soft, eller programvaren som dei tilbyr så vil eg gjerne høyra om det, send da ein e-post til post@fakturasystemer.com eller som ein kommentar på denne posten.

Har også sendt ein del spørsmål til K-Soft, som dei så langt ikkje har svart på.

Oppfølging av denne saken kommer snart.

Brukertest av TimeRabbit

Kritikk mot Conta Faktura.

Conta Faktura som dei siste åra har vært det største og mest brukte fakturaprogrammet har den siste tida fått mykje kritikk frå brukarar av tenesta. Dette skuldast at dei frå 4. november 2017 bestemte seg for å ta betalt for tenester/funksjonalitet som før har vært gratis.

Conta Faktura begynte først å ta betalt for utsending av EHF. Elektronisk faktura har i alle år vært gratis hos Conta Faktura, men nå var det plutseleg slutt. Nå kostar det i underkant av kr 4 for kvar utsending.

Det vart ikkje noko mindre kritikk av at de innførte ein kostnad for å sende faktura på e-post. Prisen ligger også her i underkant av kr 4 per utsending. Det må presiserast at dei likevel er mykje billigare enn sendregning.no, som tar kr 8 per utsending.

Conta Faktura har også muligheit for å ha fleire firmaprofiler, eller klienter som dei kallar det. Dette er ein muligheit som du har i fleire av dei norske fakturaprogramma. Oppgraderer du til Conta Pluss, som er betalingsversjonen til Conta Faktura er det kun ein klient som blir oppgradert. De andre klientane må også oppgraders, til den rette sum av 1612,- kr per klient.

Så om du bruker Conta Faktura med tre klientar, der du har behov for å bruke Pluss utgava på alle klientane, vil dette koste deg kr 4836,- i året. Hos andre fakturaprogram betaler du kun for ein oppgradering, og den gjelder for alle klientane du har tilknytta kontoen din.

Conta kjøpte tidligare i år opp nettfaktura.no. Det gjekk ikkje lang tid før brukarane av systemet fekk beskjed om at de måtte bytte over til Conta Faktura. Dette har også blitt kritisert. Mange som var fornøgde med nettfaktura er nå blitt "tvungen" over til eit system som de meiner er dårligare og kostar meir i bruk.

Det som også mange har lagt merke til er at Conta Faktura framleis reklamerer med at de er eit gratis verktøy. Mange meiner dette ikkje er tilfelle, då funksjoner som er rimeleg "vanlige" kun er å finne i Proff versjonen av programvaren.

Her er nokre døme på tilbakemeldinger Conta Faktura har fått frå misfornøgde brukarar (frå Facebook profilen til Conta Faktura).

Conta Faktura var ein av finalistane i vår kåring over de beste fakturaprogramma på det norske marknaden for ei stund sidan. Og ja, programmet er ikkje dårleg, det dekker dine enklaste behov. Men skal du ha tilgang til alle funksjoner og med fleire klientar, så er dette programmet faktisk ein av de dyraste norske fakturaprogramma ein kan få tak i.

Allikevel er det denne reklamen som dukker opp på Google om ein søker på Conta Faktura.

 

Siste reis for Dokus Faktura

I mai 2017 ble det offentliggjort nyheiter frå firmaet bak Dokus fakturasystem. fakturasystemet vil bli avvikla frå 1. januar 2018. Her er beskjeden som møtte brukarar som no loggar seg inn i systemet.


Dokus var et av systema som me testa i fjor, og som me meinte var midt på treet, men som me synst var dyrt i forhold til tilgjengelig funksjonalitet.

Synd for dei eksisterande brukarane av systemet, men det er alltid eit anna system ein kan byta til. Og me anbefalar framleis systemet som vann vår kåring av beste fakturasystem, Cretica Faktura.

Hold deg langt unna Fakt2000 fra K-Soft

 


Skal du skaffe deg eit fakturaprogram anbefaler eg deg å lese testen og vurderingane som eg har gjort tidligare, og ikkje hoppe på det fantastiske tilbodet frå K-Soft. Her skal eg skrive kort kvifor eg meinar det.

Det er nok fleire enn meg som har mottatt reklame frå den norsk/svenske firmaet K-Soft. Tidligare bombarderte dei faxmaskiner landet over med reklame for det "fantastiske" fakturasystemet Fakt2000, i de siste årene har dei gått vekk frå fax-reklame (så vidt eg veit) og heller bombardert e-postadressene til nystarta bedrifter med reklame for det same produktet.

Kort tid etter at eg hadde registrert bedrifta min kom den første e-posten frå dette firmaet. Det første eg reagerte på er at det i e-posten står fylgjande:

Dere har mottatt denne email siden dere har valgt å være en del av vår emailliste, hvilket vi setter stor pris på. Hvis dere ønsker å legge til en annen emailadresse eller ikke lenger ønsker å være en del av maillisten;

Ein ting som er sikkert er at eg ALDRI har meldt med på ein e-postliste til dette firmaet. Sjølv om eg bruker den vedlagt avmeldingsadressa fortsetter desse e-postane å komme. Når en kommer inn på den avmeldingssida som er lenka til i e-posten blir ein møtt av teksten:

Malinglisten til K-Software brukes kun til å sende ut tilbud og informasjon om våre produkter eller tilbud til utvalgte seriøse bedrifter. Vi er alltid nøye med å holde en høy moralsk og etisk standard, og sender derfor kun ut svært korte/enkle tilbud som ikke belaster Deres internett forbindelse.

I e-posten står det at eg har valt å være ein del av deira emaillista, i denne teksten står det at dei sender den ut e-posten til utvalte seriøse bedrifter. For det første blir ikkje denne e-posten kun sendt ut til utvalte bedrifter, den blir nok sendt til alle adresser som dei klarer å få tak i.

At dei helde ein høg moralsk og etisk standard motbeviser dei kraftig med desse gjentatte utsendingane, sjølv etter at eg har meldt meg av. Og repeterande utsendingar av spam til min e-postadressa belastar faktisk internettforbindelsen som eg har.

På nettsidene til programmert (http://www.k-soft.no) står det side opp og side ned om kor mange som bruker dette systemet, og kor bra det er. Tar du eit søk på nettet etter fakturaprogram og spesielt Fakt2000 vil du finne nokre sider som snakkar veldig positivt om dette systemet (eg lure på kven som står bak desse sidene?), men om du går litt lenger ned i søkeresultata vil du få eit heilt anna bilde av dette produktet og firmaet bak.

I min tidligare test og kåring av gode norske fakturaprogram var ikkje dette produktet med. Det var ikkje fordi produktet var ukjent for meg, men fordi eg etter korttids uttesting såg at dette var eit produkt av så låg kvalitet at dette måtte ein berre halda seg unna.

Avslutningsvis vil eg vise til dei to første linjene i spam e-posten som K-Soft sender ut:

Nesten alle faktureringsprogrammer er svært like hverandre, og dessuten vanskelige å bruke for vanlige folk. Grunnen til dette er at faktureringsprogrammer lages av meget datainteresserte personer. Og det som er lett for dem, er vanskelig for vanlige folk.

Min tidligare test av fakturasystem viser at dette som K-Soft hevder ikkje er tilfelle, og sjølv om eg fant min favoritt blant dei systema som eg testa var det ingen av systema som var vanskeleg for vanlege folk å bruka, slik som K-Soft hevdar. Funksjonsmessig vil eg påstå at alle systema som eg testa ut er betre og har meir funksjonalitet enn det som Fakt2000 har.

Her har eg samla saman nokre ressursar som eg har funnet om dette programmet og firmaet bak det.


Her er utkast av heile spam mailen som blir sendt til "utvalgte kundar"

Hei.
Nesten alle faktureringsprogrammer er svært like hverandre, og dessuten vanskelige å bruke for vanlige folk.
Grunnen til dette er at faktureringsprogrammer lages av meget datainteresserte personer. Og det som er lett for dem, er vanskelig for vanlige folk.
Men vi bedriftsledere ønsker noe som er lett å skjønne og å bruke og som dessuten fungerer uten problemer, slik at vi i stedet kan bruke tiden til det som er viktig.
For noen år siden skjønte vi dette og lanserte Fakt 2000, et annerledes faktureringsprogram.
Fakt 2000 er laget for vanlige folk.
Det er svært lett å skjønne og å bruke, samtidig som det er særdeles driftssikkert.
Suksessen lot ikke vente på seg og Fakt 2000 er nå et av markedets mest solgte programmer med over 40.000 bedrifter som kunder, og flere hundre bedrifter oppdager hver måned fordelene med å bruke Fakt 2000.
Siden vi selger svært mye, kan vi dessuten selge et høykvalitativt program til en meget lav pris, kun kr 970,- eks. mva.
Ønsker dere å vite mer, er det bare å besøke oss på: http://www.k-software.net/fakt2000.htm eller sende oss en email på kontakt at k-software.net.
Ha en fortsatt flott og fremgangsrik dag : )
 
Med Vennlig Hilsen 
Emanuel Imanuelsen 
K-Soft
 
The information contained in this communication is intended solely for the use of the individual or entity to whom it is addressed and others authorized to receive it. It may contain confidential or legally privileged information. If you are not the intended recipient you are hereby notified that any disclosure, copying, distribution or taking any action in reliance on the contents of this information is strictly prohibited and may be unlawful. If you have received this communication in error, please notify us immediately by responding to this email and then delete it from your system. K-Soft is neither liable for the proper and complete transmission of the information contained in this communication nor for any delay in its receipt.
 
NB. Vennligst ikke svar til denne emailadresse siden denne postkassen ikke leses av mennesker.
NB2. Dere har mottatt denne email siden dere har valgt å være en del av vår emailliste, hvilket vi setter stor pris på. Hvis dere ønsker å legge til en annen emailadresse eller ikke lenger ønsker å være en del av maillisten; 

Forskjellige lenker

Produktside : K-Soft Norge AS

Sider som omtaler produktet veldig positivt (hmm)

http://www.k-soft.name/?gclid=CNCsh5-B2tMCFU63GwodaEELVw

https://www.gulesider.no/f/k-soft-norge-as:84266399

Ikkje fullt så positive sider:

http://no.samfunn.forbruker.narkive.com/A6doF9M6/svindlerfirma-k-soft-norge-as

https://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=464043

http://forum.hegnar.no/thread.asp?id=2308294

https://no.trustpilot.com/review/www.k-soft.se

http://www.dahn.cc/bakbilder/K_soft_Norge___Dom_fra_Oslo_Tingrett.pdf

http://tjomlid.com/2008/07/20/fakt-2000-aka-fucked-2000/

https://no.wikipedia.org/wiki/K-Soft

https://groups.google.com/forum/#!topic/no.kultur.humor/Mb9Xn4Tz2Zo

https://www.digi.no/artikler/k-soft-tapte-soksmal-mot-kritikere/198782

Conta Faktura tar over nettfaktura.net

I slutten av oktober 2016 vart det i ein pressemelding frå Conta Faktura kjent at dei kjøper opp og tar over Nettfaktura.net.

Både Nettfaktura og Conta Faktura har vært rangert høgt oppe på trefflistene til Google dei siste årene. Denne overtakinga vil gjera at Conta vil verta endå meir "konge på haugen", og sjansane for at brukarane skal kunne finne noen av dei andre systema som er på marknaden vil bli mindre.

Conta seier i same pressemelding at ved overtakingstidspunktet hadde nettafaktura.net over 26000 brukarkontoar. Kor mange av dei som er aktive seier dei ikkje noko om.

Vi i Fakturasystemer.com hadde tidligare i år en test av mange norske fakturasystemet, i den testen såg vi ikkje på nettfaktura.net. Dette skuldast fleire grunnar. Ein av grunnane var at det ikkje oppfylte våre minimumskriterium. Conta fikk vi testa og de var en av finalistane i vår kåring.

Når Conta tar over tenesta vil de innan kort tid legge den ned, dermed vil de brukarane som høyrer til på nettfaktura.net måtte sjå seg etter nytt fakturasystem, eller bli "tvansflytta" til Conta Faktura.

Vi vil anbefale alle som ikkje ønskjer å være med over til Conta Faktura prøve ut det fakturasystemet som vi anbefaler, nemlig Cretica Faktura.

Trykk her for å få 2 månadar med gratis tilgang til Cretica Faktura - Profesjonelt abonnement

Få Cretica Faktura Profesjonell gratis!!

Eg har gjort ein avtale med gjengen bak Cretica Faktura, og alle nye brukarar som registrerer seg ved å klikke på lenka under får gratis tilgang til det profesjonelle abonnementet til fakturasystemet i 2 månader.

Trykk her for å registrere 2 månadar med gratis tilgang til Cretica Faktura - Profesjonelt abonnement

Du kan når som helst endre eller avslutte kundeforholdet! Tilbudet er tidsbegrensa, så her er det bare å slå til så fort som mulig..

And the decision is....

Brukertest av Fakturo

Brukertest av Fakturer

Brukertest av SendRegning

Brukertest av Debet

Brukertest av Cretica Faktura

Brukertest av FakturaNett

Brukertest av Conta Faktura

Brukertest av FakturaX

Brukertest av Dokus fakturasystem

Nettbaserte norske fakturasystemer

Les mer i arkivet » Februar 2019 » Januar 2019 » Desember 2018